Velkommen til "Oppturar" i Voss 2012
       Til 4 motbakkeløp, oppturcup og trimturar for heile familien
        Stalheimskleiva opp 
-
Hanguren opp - Rimstigen opp - Hangurslia opp
                  1.mai                    23.juni                 28.juli                 6.oktober
 

 Bli med i oppturcupen og konkurrer om kr 20.000
                  
      I toppmenyen finn du opplysningar om motbakkeløpa

Finalen i
Oppturcupen 2011

Sjå bilete på:  

http://www.vossnow.net/

Hangurslia opp, laurdag 1.oktober, var det siste løpet i oppturcupen 2011. Hilde Fenne var ganske suveren i kvinneklassen - 40 sekund føre unge Une Kvelvane som har hevda seg framifrå både i motbakker og på friidrettsbanen i år. Desse to vart også dei to beste i oppturcupen. 
Lars Erik Skjervheim har gjort mange strålande motbakkeløp i år. På laurdag avgjorde han ein hard  fight med Tommy Berland Laitinen i den siste lange motbakken. Oppturcupen hadde han i realiteten avgjort før det siste løpet.    
Sjå resultat i toppmenyen under "Hangurslia opp" og "Voss oppturar cup" 

         OPPTURCUPEN
Etter Rimstigen opp har Hilde Fenne tatt ei solid leiing i oppturcupen, men på dei neste plassane er det heilt ope.
I klassen for menn ser det ut til at Lars Erik Skjervheim har eit godt grep om sigeren. Bak han er det svært jamt.
3 av dei 4 løpa tel. Sjå stillinga i menyen under "Voss oppturar cup". Det siste løpet i oppturcupen er Hangurslia opp den 1.oktober.     


 RIMSTIGEN OPP 
    Ein opptur i Nærøyfjorden   
Verdsarvpark
 
 Laurdag 30. juli 2011
Nytt løp av året og det tredje løpet i  oppturcupen
 



Hanguren opp laurdag 25.06   

Hanguren opp vart avvikla i strålande løpsver og med god deltaking - i alt ca 150. 
Kristen Skjeldal var berre 7 sekund bak si eige bestetid. Hilde Fenne gjorde eit flott løp og var klart best blant jentene med 29.20, men elles imponerte Anna Margrethe Tråve frå Fjærland i klassen 55-59 med tida 30.52. 15-åringen Gustav Iden fekk dagens nest beste tid - og var med tida 23.43 berre litt over minuttet bak Kristen. Sjå resultatliste


Her er Kristen på veg mot mål i sitt "eige løp"
på sjølve bryllaupsdagen.

Hanguren opp - laurdag 25.juni
                     3.3 km - 600m stigning
           
Frå Vangsvatnet til Hangursrestauranten

Løpet starta som Kristen sitt "brydlaupsløp" i 2004

I toppmenyen under fana resultat finn du ei alfabetisk liste med resultata for alle åra du har vore med. I år vil du få to mellomtider - på Mølster og ved enden av skogsbilvegen.

Traseen er flott til trening - start gjerne turen på Mølster. Her passerer du 1450m i løypa. Vidare oppover er det sett opp skilt for kvar 500m.

Lukke til med treninga til løpet den 25.mai
 (Les meir om løpet i toppmenyen)



Stalheimskleiva opp 28.mai

God deltaking og gode tider

Torbjørn Ludvigsen og Hilde Fenne var dei raskaste opp i landets brattaste riksveg - i snitt 14% stigning.
Torbjørn var berre 12 sekund bak løyperekorden til  Jon Tvedt frå 2008, og Hilde vel 30 sek bak rekorden til Synne Mala Visnes
 
I den nye trippelen, Hardhausen, var Vebjørn Turtveit og Hege Djukastein klare vinnarar.  Trykk "Resultat" i toppmenyen 
 


Hangurslia opp 2010 vart arrangert laurdag 2.oktober - og med bra deltaking.   

Synne Mala Visnes vann ein klar siger i kvinneklassen på tida 12.15, 2 sekund bak si eiga beste tid og 21 sekund  bak løyperekorden til May Britt Buer.
I klassen for menn vart det ein hard kamp mellom Kristen Skjeldal og den nye motbakkestjerna Thorbjørn T Ludvigsen som drog i land sigeren på 10.14, 6 sekund føre Kristen. 

I Oppturcupen, der 3 av dei 4 løpa tel, var Synne og Kristen heilt suverene. 
Sjå resultatlister under Hangurslia opp og Oppturcupen. 

 Dermed er ein vellukka Opptursesong over, og me ynskjer deltakarane vel møtt og godt førebudde til nye oppturar i 2011.   

     NM i motbakkeløp 2010
               og Salomon Norgescup

NM i motbakkeløp vart gjennomført i strålande løpsver.
May Britt Buer, IL Gular og Øyvind Heiberg Sundbye, IK Tjalve vann klasse senior. I klasse junior vart vinnarane Heidi Weng frå IL i BUL og Gaute Kvåle frå Røldal IL. 
 
Øyvind Heiberg Sundbye var 44 sekund  føre Kristen Skjeldal i mål. Den beste tida blant kvinnene hadde junioren Heidi Weng - ho sette og ein flott ny løyperekord.  
 
Sjå elles reportasje i Kondis og avisa Hordaland  
 
Christian Prestegård sin omtale av NM-løypa i 2010, 
Sjå biletreportasje frå Lønahorgi opp 2009 på motbakkesida i Kondis.
 


Hanguren opp: Kristen Skjeldal vann ein klar siger og var berre 9 sekund bak bestetida si. I kvinneklassen var det Synne Mala Visnes som kom først til topps.
Resultat


Rekordstor deltaking på Stalheimskleiva opp. Beste kvinne vart i år som i fjor Synne Mala Visnes med Marit Tveite Bystøl på andre plass. I klassen for menn vart det ein hard kamp der Asbjørn Berland vann føre Øyvind Heiberg Sundbye og Kristen Skjeldal. Sjå resultat 


 







 
Stalheimskleiva opp
 
   Laurdag 22. mai
 
 Motbakkeløp i landets
     brattaste riksveg 

   Start kl. 17.00
Hanguren
    opp
 
 Laurdag
  12.juni

     Sjå  
 toppmenyen


LES OM LØNAHORGI OPP, NM-LØYPA 2010

Sjå bilete og les Christian Prestegård sin omtale av NM-løypa i 2010.

 
LØNAHORGI OPP 2009 - REPORTASJE FRÅ LØPET

Vinnaren av Lønahorgi opp 2009, Henry Kiplagat, imponerte alle med "fjørlette klyv" i motbakkane. Sjå biletreportasjen til Christian Prestegård på motbakkesida i Kondis.



Hangurslia opp
God deltaking i konkurranseklassane. Asbjørn Berland og May Britt Buer var dei to raskaste løparane.
I oppturcupen vann Synne Mala Visnes og Kristen Skjeldal.

Resultat frå Hangurslia opp
Sluttresultat for Oppturcupen finn du her og i menyen 


Sjå bilete frå Hangurslia opp på Voss Now(søk på 3.oktober)






Hangurslia opp er det siste løpet i oppturcupen
Deltakarpremie til alle som har vore med på 3 av dei fire løpa - både i konkurranse- og trimklassen.Kr 16.000,- i pengepremiar. Les meir i menyen over.





I menyen finn du resultata frå
Stalheimskleiva opp den 29.august.
Her finn du og stillinga i oppturcupen etter 3 av 4 løp - det er 3 av løpa som tel.
Voss Now kan du sjå bilete frå Stalheimskleiva 29.august.




LØNAHORGI OPP%A0- REPORTASJE frå løpet den 20.juni
Vinnaren av Lønahorgi opp 2009, Henry Kiplagat, imponerte alle med "fjørlette klyv" i motbakkane. Sjå biletreportasjen til Christian Prestegård på
motbakkesida i Kondis.


LØNAHORGI OPP, NM-LØYPA 2010

Sjå bilete og les Christian Prestegård sin omtale av NM-løypa i 2010.



LØNAHORGI OPP 
 Laurdag 20.juni
Bakkeløp og trimtur for heile familen
i NM-løypa 2010

Christian Prestegård held oppturforedrag

OPPTURFOREDRAG OG PREMIEUTDELING KL. 16.00
I samband med premieutdelinga vert det oppturforedrag ved Christian Prestegård, kjend over heile landet som motivator og "predikant"  for det gode liv på opptur.
- Du må opp på toppane for å få utsyn, vidsyn og klarsyn - seier Christian.


 
    • Hanguren opp 7. juni - det første løpet i oppturcupen
    • Lønahorgi opp 20.juni (NM-løypa i 2010) - og "oppturforedrag" 
    • Stalheimskleiva opp 29.august - i Norges brattaste riksveg
    • Hangurslia opp 3.oktober - i år arrangert for 17.gong
       

Hanguren opp 7.juni.
Løpet vart arrangert under strålande forhold. May Britt Buer frå Harding sette ny løyperekord i kvinneklassen og Kristen Skjeldal sprang fortare enn nokon gong. Les meir frå løpet og sjå resultatlista i toppmenyen under "Hanguren opp" 
 

     
            


Frå Voss Idrettsplass

Lengd   : 10,4 km
Stigning: 1040m, frå 55m -1095m

Konkurranseklassar start kl. 13.00.
Påmelding online innan fredag 19.06. Sjå lenkje øvst i venstre marg, eller til post@vossoppturar.no Etterpåmelding (+kr 25,-) til kl. 12.00 løpsdagen
Trimklasse: Start frå kl 10.00 - 12.30. Påmelding ved start i Bavallstunet eller på Voss idrettsplass for dei som vil gå/jogga heile løypa
Klassane 12-15 år og 16-17 år startar frå Bavallstunet - 4.5km ut i løypa. Løypelengd:6 km. Etterpåmelding i sekretariatet på Voss idrettsplass. Det går buss til start. 
Trimklassen startar frå Bavallstunet frå kl. 10.00  - eller du kan starta frå Voss idrettsplass og gå/jogga heile løypa.

Premieutdeling og oppturforedrag i Bavallstunet kl.16.00. Alle får deltakarpremie i samband med premieutdelinga 

Sjå meir info i toppmenyen